Til topps i sommarlåtkonkurranse

sanita

NRK Rogaland har kåra «Vie dagen te solå» til tidenes sommarlåt frå Rogaland.

NRK Rogaland har i heile sommar spelt sommarlåtar frå fylket, for å til slutt kåra tidenes beste sommarlåt. Ryfylke Visegruppe sitt bidrag var det første som gjekk vidare frå semifinalen, og på onsdag vart det heile avgjort:

Låta, som er skriven av Bjørn Aslaksen og Arnt Birkedal, og gjeven ut på LP-plata «Trekkfugler» i 1985, vart stemt fram som tidenes sommarlåt.

Som takk til lyttarane som stemte oss til topps, kan du på lasta ned «Vie dagen te solå» ved å høgreklikka på lenkja under og velja «Lagre lenkja innhald som»:

Ryfylke Visegruppe – Vie dagen te solå

Du må logge inn for å legge inn kommentar.